MINI RELEASE CONCERT | LAWO OSLO

April 5, 2018
5:00 pm
Oslo, Norway
LAWO Store
MINI RELEASE CONCERT | LAWO OSLO

Torsdag 5. april blir det minikonsert i LAWO Store, denne gongen med Eldbjørg Hemsing!

Hovudverket på Eldbjørgs debutplate er Hjalmar Borgströms fiolinkonsert, som har vore nærast ikkje-eksisterande på konsertscener sidan det vart komponert i 1914. Antakeleg var komponisten litt seint ute med sin romantiske konsert, for i dag ser me at det er eit fantastisk stykke musikk som absolutt fortener ein større plass i den norske musikkhistoria.

At fiolinkonserten kom fram i lyset igjen, er Terje Boye Hansen sin forteneste, og han er med denne dagen, for å sei nokre ord om sitt arbeid med Borgström.

Me får mellom anna servert Borgströms Elegi for fiolin og piano, i tillegg til utdrag frå både Borgström og Sjostakovitsj sine fiolinkonsertar. Med på piano er Christian Grøvlen.

Share:
© COPYRIGHT 2018 | ALL RIGHTS RESERVED | IMPRINT & PRIVACY POLICY